Trainee i Sogndal kommune

Vil du vere med å utvikle ein ny og spennande kommune i kraftig vekst? Sogndal kommune søkjer trainee som vil vere med å drive fram utviklingsarbeidet saman med eit offansivt og satsande team. Som trainee hos oss vil du:

  • Vere med på strategisk utadretta arbeid retta mot regionale og nasjonale miljø
  • Følgje opp arbeidet med å sikre gode rammevilkår for offentlege og private verksemder i kommunen
  • Vere med å gjere Sogndal til ein kommune med livskvalitet og utviklingskraft
  • Vere ein del av teamet som føl opp prosjekt knytt til tenesteinnovasjon i kommunen
  • Bidra til å utvikle tenesteportefølja for nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet

Me ser etter ein kandidat som har:

  • Høgre utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan samfunnsvitenskaplege fag
  • Førarkort klasse B
  • Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du bør vere:

  • Glad i å jobbe saman med andre i team
  • Samfunnsengasjert
  • Kjent med og interessert i prosjektarbeid
  • Interessert i offentleg forvaltning
  • God til å formidle skriftleg og muntleg
  • I godt humør
  • Flink å samarbeide
  • Nysgjerrig på nye løysingar
  • Analytisk og strukturert

Me tilbyr:

  • Eit utviklingsorientert og inspirerande fagleg og sosialt miljø med ei spanande oppgåveportefølje
  • Mogelegheita til å vere med å skape gode lokalsamfunn og tenester for innbyggjarane
  • Lønn etter avtale
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktperson for stilling: Tenesteleiar for samfunns- og næringsutvikling Joakim Systaddal Tlf: 45873833 Joakim.Systaddal@sogndal.kommune.no

Fylke navn: 
Sogn og Fjordane
Kommune navn: 
Førde
Link til søknad: 
https://karriere.no/jobb/trainee-i-sogndal-kommune-3388976