Rådgivar - jurist for Fylkesmannen i Møre og Romsdal


Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Julsundveien 9
6414 MOLDE




Web:

https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/


Fylkesmannen er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.

Fylkesmannen skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat


Rådgivar - jurist

Jobbnorge ID: 172123

I Justis-og beredskapsavdelinga får vi ledig vikariat for ein dyktig og effektiv jurist - rådgivar.Avdelinga har i dag 28 tilsette, og har eit breitt og godt fagmiljø med oppgåver knytt til rettstryggleik og samfunnstryggleik.


Vi er 11 juristar i avdelinga, og kan tilby eit høgt fagleg juridisk miljø der oppgåvene blir løyst saman med trivelege kollegaer. Avdelinga har eit stort mangfald av oppgåver, både som klageinstans for kommunale vedtak, og handsaming av søknader i førsteinstans. Du vil til dømes kunne få arbeide med plan- og bygningsrett, forvaltningsrett, fri rettshjelp og verjemål. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og gjev høve til fordjuping og kjennskap til eit vidt område innanfor jussen.

Kvalifikasjonskrav:

  • Master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • God framstillingsevne skriftleg og munnleg
  • Stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner


Vi tilbyr:

  • Kvalifiserande juridisk arbeid
  • Godt juridisk fagmiljø
  • Lønn i statens lønnsregulativ som 1434 rådgiver fastsett etter erfaring og kvalifikasjoner.
  • Grundig opplæring
  • Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonskassa.
  • Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første 6 månadane er prøvetid.


Nærare opplysningar:


Vi nyttar som hovedregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Offentleg sektor er i stadig omstilling og utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Søknadsfrist 4. august 2019

Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF format. Merk søknaden med rett still.nr. 1914.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet, jf. Offentleglova § 25 2.punktum. Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine oppgåver og organisering finn du på: www.fylkesmannen.no/mr.

Fylkesmannen er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er IA-bedrift og vil legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no PAM

Stillingsnummer: 1502-2019-06-119 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak


Arbeidssted

Molde, Norge

Type stilling

Heltid

Antall stillinger

1

Søknadsfrist

04.08.2019

Siste publiseringsdato

04.08.2019

Registrert

26.06.2019

Fylke navn: 
Møre og Romsdal
Kommune navn: 
Molde
Kategori: 
Kontor, forvaltning og saksbehandling
Juridisk arbeid
Jobbfunksjon: 
Rådgiver (juridisk utredning, offentlig administrasjon)