IT-konsulent - drift Windows infrastruktur for M&R Fylkeskommune/Utdanning


M&R Fylkeskommune/Utdanning

6412 MOLDE

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.


IT-konsulent - drift Windows infrastruktur

IT-konsulent


Ved organisasjonsavdelinga, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling som IT-konsulent for drift Windows infrastruktur. Seksjonen har f.t. 17 tilsette og to lærlingar. Stillinga rapporterer til IT-sjefen.

Du får jobbe med


Som IT-konsulent for drift Windows infrastruktur vil sentrale arbeidsoppgåver vere teknisk drift av Windows infrastruktur med bl.a. Windows serverar og Active Directory on-premise og i Microsoft Azure. Drift av Citrix terminalserverfarm der klientane nyttar tynne klientar med Wyse OS og tykke klientar med Windows 10. Ein stor del av infrastrukturen køyrer i dag på servervirtualisering med VmWare.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Drift av Windows 20012/2016 serverar
  • Drift av Active Directory, Azure og Office 365
  • Drift av terminalserverar og tilhørande teknologi (Citrix XenApp / MS)
  • Drift av tynne klientar med Wyse OS
  • Drift av Citrix Netscaler
  • Drift av Windowsmiljø i VMware og MS Azure infrastruktur

Vi søker medarbeidar som har

  • Minimum 3-årig relevant utdanning på høgskole / universitetsnivå
  • Realkompetanse kan veie opp for manglande formell kompetanse
  • Solid forståing av IT infrastruktur som nettverk, lagring og servere
  • Erfaring frå IT-drift med høg kompetanse innan drift av Windows infrastruktur
  • Erfaring med å jobbe etter ITIL-metodikk
  • Relevant sertifisering frå Microsoft er ønskeleg


Det vil og bli lagt vekt på

  • evne til å tileigne seg ny kunnskap på nye kompetanseområde
  • godt humør og god arbeidskapasitet, serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
  • evne til både å jobbe sjølvstendig og vere ein lagspelar
  • god norsk munnleg og skriftlig framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Introduksjonsprogram
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Om arbeidsplassen


Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen drifter dei fylkeskommunale IT-tenestene. Dette er tenester for mellom anna e-post, webtenester, journalsystem, sak/arkiv-system, terminalserverar og plattform for samordna kommunikasjon. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skole, tannhelse og sentraladministrasjon som IT-seksjonen har ansvar for.

Andre opplysningar


Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1502-2019-06-113 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl


Arbeidssted

Molde, Norge

Type stilling

Heltid

Antall stillinger

1

Søknadsfrist

05.08.2019

Siste publiseringsdato

05.08.2019

Registrert

26.06.2019

Søknad sendes

https://rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1

Fylke navn: 
Møre og Romsdal
Kommune navn: 
Molde
Kategori: 
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi
Jobbfunksjon: 
Programmerer (data)