Aktivitetskontakt i Midt-Telemark kommune

Har du tid til overs og ynskjer og bidra til at andre får ei betre kvardag?

Kort om stillinga

Mange ulike personar treng tryggheit i fritida. For nokon kan det vera vanskeleg å koma seg ut på eiga hand og/eller dei treng hjelp og støtte til å meistra ulike fritidsaktivitetar. Enkelte har lite sosialt nettverk og kan kjenna seg einsam. Som aktivitetskontakt kan du hjelpa til å gje ein trygg og innhaldsfull fritid til dei som har behov for det. Arbeidet er fleksibel og varierer frå 2-6 timar i veka, avhengig av kva brukar er løyvd.

Arbeidsoppgåver

Som aktivitetskontakt har ein varierte arbeidsdagar og aktivitetar ut i frå nyttars behov og ynskjer. Det kan vera aktivitetar som symjing, gå- og køyreturar, kino-, bibliotek- og kafébesøk, bake og anna matlaging, klatra, trene, gå på ski, aka, ri, heimebesøk, handel, vera følgjeven på ulike aktivitetar med meir. Det er ynskjeleg at ein prøvar å utvide brukar sitt nettverk for at dei med tida skal kunne gjera ting på eigenhand.

Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar

Vi treng aktivitetskontaktar som kan jobbe innan rus- og psykriatri, med eldre eller barn, og med personar som har ulike psykiske eller fysiske funksjonshemningar. Det er ingen krav til utdanning. Alle kan vera aktivitetskontakt, men det føreset at du har ledig kapasitet i kvardagen og at du likar å arbeida med menneske. Det er fordel å ha sertifikat og tilgjenge til bil, men ingen krav. Vi oppfordrar spesielt fastbuande og godt vaksne personar å søkje.

Personlege eigenskapar

Alle brukare er ulike og vi har derfor behov for aktivitetskontaktar med ulike eigenskapar. Nokon treng ein bestemd aktivitetskontakt som kan gje rettleiing, medan andre ynskjer ein samtaleven. Nokre likar at ein kan vera fleksibel og spontan i arbeidet, medan andre ynskjer å møtast til faste tider og stadar. Vi ynskjer difor at aktivitetskontaktane våre er fleksible, tolmodige, pliktoppfyllande, engasjerte, positive og ansvarlege personar som innehar kommunikasjonsevne og forståing for ulike mennesketypar med ulike behov.

Særskilt for stillinga

Krav om politiattest

Vi tilbyr

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk, per 1.8.2021 er det 160,46 kr pr. time.

Ved interesse

Gå til Midt-Telemark kommune si heimeside. Trykk på søknadssenter øvst til høgre.

Eller send ein kortfatta søknad til mava0509@mt.kommune.no

Kontaktperson: Marita K. Valkeinen, kulturkonsulent, tlf. 41 61 13 93

Fylke navn: 
Telemark
Kommune navn: 
Bø (Tel.)
Jobbfunksjon: 
Aktivitetskontakt
Link til søknad: 
https://midt-telemark.kommune.no/aktuelt/behov-for-aktivitetskontakt-stottekontakt.126291.aspx